søndag 3. juni 2007

Om turen til Polen, dag 6, del a : Utsyn frå hotellvindauget mitt


Guiden vår, Trine, fortalde litt om byen der vi budde denne natta til dag 6 på turen. Legnice hadde vore ein viktig by då Polen var ein del av Warshavapakta. Mellom anna hadde store russiske styrker vore stasjonert der. Men då denne forsvarsalliansen fall i grus, og dei russiske styrkane etter kvart vart dregne attende, vart næringslivet, som i stor grad hadde basert seg på tenesteyting til styrkane, hardt råka. Resultatet vart økonomisk nedgang og store sosiale problem. Byen var sterkt prega av dette, med mange hus i svært dårleg forfatning.
Då var det kjekt å sjå husrekkja på biletet, ein fargeklatt som formeleg lyser av optimisme og framtidshåp.