
Guiden vår, Trine, fortalde litt om byen der vi budde denne natta til dag 6 på turen. Legnice hadde vore ein viktig by då Polen var ein del av Warshavapakta. Mellom anna hadde store russiske styrker vore stasjonert der. Men då denne forsvarsalliansen fall i grus, og dei russiske styrkane etter kvart vart dregne attende, vart næringslivet, som i stor grad hadde basert seg på tenesteyting til styrkane, hardt råka. Resultatet vart økonomisk nedgang og store sosiale problem. Byen var sterkt prega av dette, med mange hus i svært dårleg forfatning.
Då var det kjekt å sjå husrekkja på biletet, ein fargeklatt som formeleg lyser av optimisme og framtidshåp.
4 kommentarer:
Hei runemann!
Mange fine bilder og tankevekkjande situasjonar. Helsing ein bloggar på andre sida av fjorden
Hei.
Ein fin blogg dette her, som fortel om reisa dykkar på ein fin måte. Om du har andre bilete frå turen du vil dele med omverda, vil eg nok anbefale picaza til å lage eit "fotoalbum" på nett.
Og elles, kan eg vel syne deg dette biletet eg tok på ein klasstur for to år sidan: http://tinyurl.com/ypz3x3 Eit syn var saltgruvene verkeleg.
Hei Rune! Fin ein blogg du har skaffa deg! Den 24. juli kjem eg til Bergen for å besøke Thomas og Hege. Eg ville ha satt enorm pris på å få reise til Arekletten på vitjing, så eg voner du er heimeved. Det er vorte lang tid sidan eg forlot Fjon, eg trur 13 år i alle høve. Eg reiser saman med Kristina. Me reiser med rutebil, trur eg, så det er muleg me treng å litt hjelp med å kome oss heilt ram til Kletten.
Helsing frå Sverige!/Jon Einar einarspetz@yahoo.com
Takk for interessant informasjon
Legg inn en kommentar