tirsdag 29. mai 2007

Om turen til Polen, dag 5, del e : Og det ble aften femte dag


På veg til byen Legnica, der vi skulle overnatte, stogga vi ei stund på eit kjøpesenter. Det var nett som å kome heim - her fann ein KappAhl, Cubus, H&M, for ikkje å snakke om IKEA. Eg tenkte at her hadde vel ikkje svenskane vore så godt representerte sidan trettiårskrigen.
Vi måtte ha oss ein matbit, og eg bestemde meg for å finne noko polsk å ete. Eg meiner, om det ikkje er polsk som kjem ut av munnen min, kan det vel kome noko polsk inn i munnen. Eg er ikkje i stand til å seie kva det var eg fekk, men det kan beskrivast som ein slags potetlefser med fyll, og med ein dip beståande av sur mjølk med persille og pepar.
Om det var godt ? Ja, faktisk!
På hotellet venta det oss middag. Kva vi fekk ? Om det vil eg ikkje seie anna enn at rett svar vert å sende til Prior, Norge.........

Og i morgon skal vi puste i oss berlinarluft......

1 kommentar:

Anonym sa...

Eg les bloggen din, Rune. Akkurat no til dømes, ein vanleg onsdag i Knarvik mens eg venta på avtalen som ikkje dukka opp. Såg at du var pålogga i går kveld og tenkte som så at han kunne ikkje la pc'n være av, nei. Kunne ikkje la han stå att heime. Stilig å få oppdatert informasjon frå Masfjordingar i utlendighet (heiter det sikkert ikkje på nynorsk). Du må helse. Frå Vibeke.