søndag 27. mai 2007

Om turen til Polen, dag 3, del e : Tidsvitnet 1


Verdig som ei dronning sat ho på stolen sin framfor oss, og fortalde om det ho hadde vore med på. Ho var frå området, og var 16 år då ho vart arrestert og internert i leiren fordi ho var anklaga for å ha kasta mat inn til fangane. Ho sat der i fire månader før ho slapp ut på grunn av mangel på bevis. Men i Auschwitz var fire månader ei lang tid, og dei som forlet leiren, gjorde det ikkje gjennom porten, men gjennom skorsteinen.

Ingen kommentarer: