
"No må du ikkje skitne ut skorne dine." Stemmen til mamma er streng. Men jenta ser at det glimtar i mamma sine auge, og ho smiler opp til henne. "Nei, eg skal vere så forsiktig, så."
Sjølvsagt skal ho det. Ho er då så kry for dei nye skorne sine. Ho hadde sett dei i vindauget, og var så spent då ho skulle prøve dei. Ville dei passe?
Dei passa. No går ho med dei, hand i hand med mamma. I andre handa har ho ei dokke. Mamma har ein koffert i andre handa si. Dei skal ut og reise.
Ho trippar lett og forsiktig over dammane i vegen. Går rundt dei stdene ho veit det kan vere blaut veg. Passar godt på kvar ho set føtene. Mamma har rett. Ho må ikkje skitne ut skorne sine.
Men no er dei snart framme på stasjonen. Der står toget. Jenta ser på mamma og smiler. "Trur du toget skal gå snart, mamma?"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar