tirsdag 29. mai 2007

Om turen til Polen, dag 5, del a : Det går nedover med oss


Saltgruvene er djupe. Lengst nede er vi heile 137 meter under bakkenivå. Første delen av turen går ned ei loddrett trappesjakt. Der går vi rundt og rundt, og arbeider oss lenger og lenger nedover. Men om lag ein tredel nede går ferda vidare i gruvegangar. Med jamne mellomrom opnar gruvegangane seg til større rom, som ofte er vakkert utsmykka.
Ein del av ruta går som eit galleri av plattingar og trapper, og her kan vi sjå langt nedover dit vi skal gå.



Her og der kan vi sjå at det har samla seg vatn - stille dammar av salt vatn, der avleiringane ligg som breie, kvite band langs kantane. Det er forunderleg vakkert.
Men det er ikkje berre naturen som er vakker her nede.


Ingen kommentarer: