lørdag 26. mai 2007

Om turen til Polen, dag 1, del c : Sjøfugl og andre gleder


Etter å ha kryssa sjøen mellom Sverige og Danmark om lag i dei same farvatna som der hanen og katten vart ferja over av gåsa, skal vi tru Jacob Sande, fylgde vi Strandveien til "Kongens by". Her gjekk vi om bord i ei ferje "Pommerania", som skulle føre oss til Polen.

Der vart det kvelds. Sjøfugl. Ja, for kylling servert på sjøen må vel vere akkurat det ?

Så la ferja frå land, og vi la oss til køys. Sjøen var svært lite kupert, faktisk så lite at det ikkje ein gong ville vere råd å verte sjøsjuk om ein aldri så gjerne ville. Men ingen ville..........

Ingen kommentarer: