lørdag 26. mai 2007

Om turen til Polen, dag 2, del a : Hot, hot, hot


Vi var lovd bra ver, med uttrykk for einskilde regnbyger hist og her. Vi fekk det ikkje nett slik. Men det var vi ikkje skuffa for.

Det vart eit herleg ver, med eit lett skydekke framfor ei inspirert og arbeidsvillig sol. Temperaturen steig etter kvart som timane gjekk. Då var det godt å kunne leske seg med kald Cola når det vart som heitast under hatten.

Vi hadde nokre stoppar undervegs - ein av dei på eit hotell, der vi vart servert ein god og varm lunsj.

Ingen kommentarer: