
Turen starta natt til fredag. Å stå opp i totida om natta for å rekkje eit fly er ikkje for kven som helst. Men vi greidde det - med glans! Ikkje eitt surt fjes var å sjå då reisefylgjet samla seg på Flesland.
På Gardermoen skulle vi møte det vi skulle reise i, og dei vi skulle reise med. Vi var litt spente. Men det skulle vise seg at vi ikkje trong bekymre oss.
Bussen var fin den, av eit merke - Setra - som eg til då berre hadde sett på utsida. Då eg kom inn, kunne eg konstatere at vedkomande som hadde formgitt interiøret, tydeleg hadde vore inspirert av eit visst måleri av Edvard Munch.
Så var det reisefylgjet. Ein horde vikingar frå det høge nord, forstod vi. Narvikingar, nærare bestemt. Ein flokk med riktig så trivelege peronar i alle kjønn og aldrar. Jaudå, dette lova godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar