torsdag 24. mai 2007

Testing, testing



Eg skal reise med ein tiandeklasse på skuletur, med dei kvite bussane. Det er ein tur eg gled meg til og gruar meg til, på ein gong. Planen er å skrive litt om turen undervegs, og leggje det ut på denne bloggen. Men i det siste har eg strevd litt med å få bilete på plass i bloggen, så no undrar eg på om eg får det til. Vi får sjå snart.....

Det gjekk bra frå denne PC-en. Det er denne eg har planar om å ha med meg, så dermed er det vel ein sjanse for at det skal gå bra på turen også, gitt at eg får høve til å leggje ut tekst og bilete på dei hotella vi skal bu på. Det veit eg ingen ting om.

Men eitt veit eg : Klokka halv tre i natt startar turen !


Ingen kommentarer: