søndag 27. mai 2007

Om turen til Polen, dag 3, del a : Alvor

Vi er på veg til Auschwitz I og AuschwitzII-Birkenau. På bussen ser vi ein dokumentarfilm om ein norsk fange frå Auschwitz. Han vart arrestert som ung gymnasiast. I staden for å gå i prosesjon som russ måtte han gå i prosesjon framfor SS-legen, som avgjorde om han skulle døy eller få leve ein månad til.
Eg tenkjer på noko han sa om det å leve vidare etter eit slikt tilvere. "Ein må snu seg og sjå spøkelset som går etter ein, i augene. Og så må ein ta det i handa og gå vidare, hand i hand med det."

Ingen kommentarer: