søndag 27. mai 2007

Om turen til Polen, dag 3, del b : Filmen



Her sit venene våre frå Narvik og ventar på å sjå ein dokumentarfilm frå
Auschwitz. Filmen var laga av fotografar som fylgde med den raude arméen inn i leiren då han vart befridd.
Vi fekk eit inntrykk av korleis leiren såg ut då det var fangar her. Vi fekk eit innblikk i lagnaden til nokre av dei. Det var ikkje vakkert.
Musikken derimot, var vakker. Grieg, Mozart, Mahler. På eit forunderleg vis formidla filmen kva mennesket er i stand til å gjere, både på godt og vondt. Men her var deet mest vondt.

Ingen kommentarer: