mandag 28. mai 2007

Om turen til Polen, dag 4, del g : Kveldsmat


På denne siste kvelden i Krakow var det felles bordsete med våre vener frå Narvik, samt eit par busslaster til med svoltne ungdomar få Dei kvite bussane. På menyen stod kylling, som vi altså åt for tredje gong på denne turen. Nokre av oss kommenterte dette. Sjølv har eg ein teori om grunnen :
Finare restauranter pleier å servere "sesongens grønnsaker", som vå varierer med årstid og tilgjenge på ulike grønsakslag. Kanskje vi her står ovanfor "sesongens kjøt"? Det er då tid for trekkfuglar no, er det ikkje ?
Tru no for all del ikkje at dette er skrive som ein klage på maten. Eg kan berre slå fast, at då kelnarane bar ut att tallerkane, var "fuglen fløyet"...

Ingen kommentarer: