Kyrkjer er det mange av i Krakow. Ulike er dei, både i storleik og stil. Denne kyrkja hadde eit lyst barokkinteriør, svært ulikt det frodige og fargerike interiøret i Mariakyrkja, men også dette vakkert for auget.Vakkert for øyret var det også her, for då eg stakk innom, stod det eit kor, Regency Voices, frå Cheltenham i England og øvde på Gloria av Vivaldi. Det var fint å høyre på, for sjølv om dei sleit litt med å få organisten til å henge med i svingane ( eller kanskje var det omvendt ?), gjorde ein fantastisk akustikk hendinga til ei fin musikalsk oppleving.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar