skip to main |
skip to sidebar
Om turen til Polen, dag 4, del e : Utan mat og drikke...

Mat må ein ha, og i Krakow er han ikkje vanskeleg å finne. Denne dagen åt vi lunsj på ein kafé med texmexmat, i eit interiør som var sterkt prega av konstituerte prærievogner. På ein dag med temmeleg høge temperaturar, var det verkeleg godt å sitje i eit svalt og godt kjellarlokale. Og kva kan ein seie om maten ? Namna på rettane var nok meir fantasifulle enn rettane sjølve, men godt var det, og alle vart mette. Det var ikkje dyrt heller. Kva meir kan ein då forlange ?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar