
Gatemusikantar var det ikkje få av i Krakow. Kvaliteten var litt variabel, men denne gjengen gjekk utanpå det meste. Ein skulle tru at å spele Johann Sebastian Bach sin kjende Toccata og fuge i d-moll ville vere i heftigaste laget for ein trekkspelkvartett. Det ville vere omtrent som å spele saks med kam.
Men neidå, denne gjengen gjekk til verket med krum hals og krumme fingrar, og hausta spontan applaus ( samt bra med pengar ) etter innsatsen. Det fortente dei verkeleg !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar