Mariakyrkja er eit landemerke i Krakow, der ho ligg i nordvestre hjørnet av den store Marknadsplassen. Det er ei gotisk kyrkje, med eit fantastisk interiør. Den store altertavla, 12 meter brei og 11 meter høg, vert opna kvar dag klokka 12. Det tok kunstnaren som laga henne, ti år å fullføre verket.Men også elles er dette ei skattkiste av ei kyrkje, med fresker oppetter veggar og i tak, og med eit utstyr som er blitt installert gjennom mange hundreår. At kyrkja er eit herleg samansurium av ulike stilartar, har dermed ikkje vore til å unngå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar