Det er høgt under taket i denne matsalen. Reine og fine dukar på bordet er det også, og hjelpsame kelnarar, og mykje god mat. Med andre ord - ein skal vere meir enn ualminneleg kresen for ikkje finne noko godt å putta bakom tanna når ein er i dette etablissementet. Og er ein morgonfugl, er det god plass kring borda. Men det er det ikkje alle i reisefylgjet som har oppdaga enno.....Det ordnar seg nok med det første - bussen skal køyre klokka åtte i morgon tidleg, og før den tid er det mykje som skal skje, med rydding, pakking og leiting etter ting som vi ikkje anar kvar er hamna. Det skal verte ein pangstart på dagen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar