mandag 28. mai 2007

Om turen til Polen, dag 4, del a : Hotellet


Dette er hotellet vi har budd på i Krakow, hotel Cracovia. Etter mitt syn ser det ut som det er teikna - med stø hand eller utstrakt bruk av linjal - av dei same som laga kulissane i Jon Blund-filmane. Men som kjent, ein skal ikkje skue hunden på håra. Bak eit firkanta ytre skjuler det seg eit hyggeleg indre, med kjekk betjening, greie rom som er reine og fine, og med eit frukosttilbod som eg straks kjem attende til.

Ingen kommentarer: