
Denne dagen køyrde vi om lag 700 kilometer. Slikt tek på både liten og stor. Men som ein kan sjå av biletet, er det ikkje så ille når ein har med seg puta og det gode sovehjartet.
Landskapet vi køyrde gjennom, var for det meste flatt. Men det var frodig og grønt, med fargerike innslag av blomar. Spesielt lyste dei brannraude valmuene opp, der dei vaks i åkrane og langs vegen mange plassar.
Rådyr såg vi også, og stork, samt hønsehauk, tårnfalk og ( truleg ) glente.
Men gladast var vi kanskje då vi med støle bein kunne gå av bussen og inn på hotellet der vi skal vere dei tre neste nettene.
1 kommentar:
Javel javel!
Ser ut som de har starta bra! Kjekt å sjå. Så får de berre ha god tur vidare og nyte turen.
Helsing Ivar
Legg inn en kommentar